"Hei!
Er du villig til å gjere eit godt grunnarbeid? Er du god til å sjå fleire sider av ei sak? Kan reknast som beslutningsdyktig? Då kan det hende det er akkurat deg eg leiter etter.
Eg treng nemlig nokon som kan ta avgjerdsler i livet mitt.
Oppgåvene vil vere varierte med vidt spektert og av ulik storleik.
Eksempelvis kan eg nemne: val av pålegg, antrekk, prioritering av tid i kvardagen,
feriemål, ja/nei på konkrete spørsmål og henvendelsar.
Dersom du tek kalkulerte og velovervegde avgjerdsler skal eg sjølv ta på meg eventuelle konsekvensar dette måtte medføre. Lønn etter avtale.
Ser fram til å høyre frå deg.
Ingvild -vanskeleg for å velge for det kan jo hende eg velger feil- Ølfarnes"
Å, søte du! Jeg kan godt ta på meg den der påleggsbiten..? ;)
SvarSlett