onsdag, mai 21

Fornøgd.


Foto: Ingvild Ølfarnes

Foto: Ingvild Ølfarnes
Er det lov å seie at ein er relativt fornøgd med eigen innsats utan at det vert oppfatta som sjølvskryt? Det er i alle fall det eg er; fornøgd med eigen innsats. Mitt pågåande "lære seg nye ting"-prosjekt har framdrift og resulterer i stadig nye erfaringar, mestringsopplevingar og ei klapp på skuldra til meg sjølv for at eg vågar! Kjensla av å kome seg oppover fjellveggen, snu seg og sjå på den fantastiske utsikta medan ein kjenner sola varmar i ryggen er absolutt verdt sveitte, såre fingrar og støle musklar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar