Multitasking er bra. Det pleier eg å tenkje. Det ligg i same gate som Effektivitet.
Få mest mulig gjort på kortast mulig tid, liksom.
Men...
då eg tidlegare idag skreiv melding på veg til butikken medan eg prøvde å huske kva i all verda eg skulle kjøpe samtidig som eg planla ei behandling for i morgon, komponerte eit blogginnlegg, hadde litt dårlig samvittighet for songane eg burde sett på før korøvinga i kveld og prøvde å løyse alle verdens problem (*no kan du trekkje pusten*),
då tenkte eg at det faktisk finns grenser for kor mykje ein skal multitaske.
Eg måtte rett og slett gå heim og roe meg med ein kopp te. (*vel å merke etter at eg hadde laga middag, tatt oppvasken, sendt nokre mailar, betalt rekningar, pakka ut varene frå butikken, ordna opp i kalenderen, sendt nokre meldingar, prøvd å gjere det koselig i leiligheten og igjen hatt litt dårleg samvttighet for songane eg burde sett på før korøvinga i kveld.*)
Det er ikkje det at eg har det så innmari travelt.
Av og til blir eg berre litt for opphengt i multitasking og effektivitet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar