![]() |
| Foto: Ingvild Ølfarnes |
Eg skal pakke sekken med appelsin og sjokoladerestar frå laurdagen, setje meg i bilen og køyre til eg finn ein passande stad å stoppe.
Derifrå skal eg traske oppover lia. Eg treng ikkje ski, for snøen er så hard at eg ikkje går igjennom. eg skal gå i roleg tempo, stadig stoppe for å nyte utsikten.
![]() |
| Foto: Ingvild Ølfarnes |
Medan eg går skal eg vere takksam for livet. Glad for at eg får vere akkurat der eg er, at eg får oppleve slike dagar. Takke for at Gud er stor.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar