søndag, januar 8

Fyrste dag i Beirut...

"...Dei kom seg trygt fram til hotellet, sjølv om det ikkje var nokon som henta dei på flyplassen slik dei hadde trudd. Etter ein lang reisedag var det godt å kome til hotellet, men mange inntrykk, allereie på så kort tid, gjorde at det tok litt tid å sovne.


Søndag hadde dei ingen avtalar, heilt fri til å oppleve Beirut. Noko kart hadde dei ikkje klart å oppdrive, så det var berre til å stole på retningssansen. Det gjekk overraskande bra. (Kven hadde vel trudd det med Ingvild på tur:) Ikkje berre kom dei seg tilbake til hotellet, men dei fekk seg òg ein flott gåtur langs sjøen. Frisk bris gjorde at dei store bølgene slo oppover fortauet. Dessutan gjorde det godt å kjenne at sola kunne varme bleike vinterkinn..."


Beirut liknar så langt ikkje på noko eg har opplevd tidlegare. Konstrastane vert sikkert endå større når me i løpet av nokre dagar set me kursen sørover mot Tyr og flyktingleiren me skal vere i desse vekene.

3 kommentarer:

  1. Åhhh! Tuusen takk for kalender! Me gleder oss til den 13.! Lykke til med reisen videre!
    Stor klem fra Snarty og Smyggan.. tihiii!

    SvarSlett
  2. Midtausten er i ferd med å bli utforska ,skjønar eg! Mykjse spanande der. Kjekt at de får høve til denne ekspedisjonen.

    P&M

    SvarSlett
  3. Ingvild seier: "Strevar med å få alle papira i orden. Det er kaldt her, godt med ulltøy. Eg har det bra, men ventar fortsatt på tillatelse for å kome inn til arbeidstaden.."

    SvarSlett