På laurdag byrjar eit eventyr.
Eigentleg er det allereie igong, for det har krevd visse førebuingar, kan eg avsløre.
På denne bloggen håpar eg å kunne gje deg små og litt større innblikk i eventyret medan det føregår.
Kjekt for meg å kunne dele og kanskje spanande for deg å følgje med.
... men, altså...
"...det var ein gong ei jente som var glad i spanande og utfordrande opplevingar. Ho samla så godt ho kunne på slike augneblink og hendingar som gjer livet rikare. Jenta var heldig og fekk akkurat denne våren ein unik moglegheit til å utvide samlinga si. Sunnhordlending, folkeregistrert i Rogaland, busett i Troms, fekk lov til å tilbringe siste praksisdel på fysioterapiutdanninga i eit land langt borte.
10 veker i Libanon ilag med ei anna i klassen. Flyktningleiren Rashedie. Bu hos nokon lokale, ete og leve ilag med dei. Kanskje kunne lære seg litt arabisk...
Ho hadde pakka ferdig. Fleire gonger, faktisk. For det var ikkje så enkelt å få med seg det nødvendige på eit visst antall kilo. Men no var ho klar.
Sommarfuglar i magen. Ganske uvitande om kva ho kom til å møte, men ho reiste med forventningar om å kunne lære, hjelpe og oppleve."
Me får sjå korleis dette blir:)
Gleeeeder meg:)Du skulle fått låne arabisk-ordboka mi! Jada, jeg fikk en arabisk ordbok av min onkel! Han mente at nå hadde jeg spansken på plass, så da måtte jeg få meg en skikkelig utfordring! Du hadde nok trengt den mer du..:P
SvarSlettLykke til, og god tur kjære Ingvild! Gleder meg til å høre om eventyret ditt over den kaffen vi snart må ta :) Klem til deg <3
SvarSlettMasse lykke til!! :D Kjempe spennende! Ta vare på deg selv der nede!
SvarSlett