Ein dag med både solskinn og skyer skal eg gå ein tur ned til dei sjøvaska svaberga i nærleiken.
Dei svaberga som gjev både ro og rom for tankar som kjem. Eg treng ikkje ha på meg joggesko eller treningsbukse for den dagen skal eg rusle roleg slik at tankane heng med. Eg skal stoppe opp og sjå utover havet, la augene kvile på horisonten, kjenne lukta av sjøvatn.
...
![]() |
| Foto: Ingvild Ølfarnes |
Etter å stått der ei stund skal eg gå vidare, framleis i roleg tempo slik at tankane får tid. Det skal vere ein dag eg legg merke til det som er rundt meg. For eksempel strandnelliken som skin lyserosa i ei grå bergsprekk.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar