onsdag, oktober 2

"Feliz cumpleaños, Ingvild!!"

"Feliz cumpleaños!!"

Eg kan ikkje spansk, men eg kunne høyre at mannen i telefonen smilte og var i godt humør.
"Hello, this is Ingvild...",
sa eg. Litt spørjande. Som eit forsøk på å forklare at han nok var komen feil.
"Feliz cumpleaños, Ingvild!!",
fortsatte mannen og smilte endå meir (det høyrdes i alle fall sånn ut).
"Sorry... I don`t speak spanish. Do you speak english?"

Plutselig snakka mannen både engelsk og norsk.

 "Happy birthday to you! Gratulerer med dagen, Ingvild!
Jeg snakke med Ingvild, ja? Jeg fikk ditt nummer og jeg ringe
fra Bolivia for å gratulere deg med dagen!"

Då den feststemte mannen i telefonen etterkvart skjøna at det var feil Ingvild han snakka med, la han raskt på. Unødvendig å gjere telefonrekninga høgare enn ho allereie var.

...

Eg veit ikkje kven Ingvild som eigentleg har bursdag idag, men på vegne av deg takkar eg i uansett for gratulasjon og omtanke på denne store dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar