onsdag, august 21

Dagens (utvida) værmelding

På føremiddagen er det venta regnbyger. Utpå ettermiddagen ser det derimot ut til at skydekket sprekk opp, eit fint høve til ein sykkeltur. Er du heldig kan det hende du skimtar sola gjennom skyene.

Etterkvart, etter at du har satt deg på sykkelsetet, vert det derimot klart at utsiktene om opphaldsvêr ikkje slår til. Omtrent halvvegs i sykkelturen, idèt du snur og startar på heimvegen, tiltar både (mot!)vind og regnbyger. Både strake flater og nedoverbakkar vil kreve hardt arbeid for å oppnå framdrift. Du vil vere takksam for ullundertrøya, men samstundes angre på at du ikkje tok på hanskar. Det er dessutan lenge sidan du har vore på sykkeltur, så du byrjar å kjenne det i baken.

Vêrvarslinga anbefalar å stå på, sjølv om ytterlegare regn og (mot!)vind som gjer bølgjetoppane kvite, aukar i styrke. Det er nemlig meldt auka temperaturar i sikte. Frå stova vert det meldt om behagelege temperaturar, te-vatnet  på kok og belønning i skåpet; naturellyoghurt med rosiner og honningrista nøtter.

Vêrmeldinga oppsummerar med at det nokre gonger, trass alt, kan løne seg å velje sykkel framfor sofa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar