tirsdag, juli 30

Ferie.

Loffe på fjorden, rundt neste svaberg, i akkurat passe tempo.
Nyte utsikt over flotte Sunnhordaland frå ein fjelltopp.
Solbleika hår som har tørka etter eit bad i fjorden.
Lett raude skuldre som snart vert brune.
Ikkje vite om det er onsdag eller fredag.
Bli ønska velkommen sørover av farfar.
Drikke kaffi med mamma og pappa.
Triveleg prat med gamle kjende.
Springe barbeint heile dagen.
Kjøpe is på dugnadskiosken.
Spele rummy med mormor.
Slå volleyball med bror.
Besøke gode vener.
Ete rips.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar