onsdag, januar 23

Status quo.

For tida lir eg av periodevis kaoskjensel, avbrutt av (heldigvis) stadige augneblink med kvardagsgleder.
Trur den periodevise kaoskjensla kjem av at eg straks er på flyttefot
- i avslutning på noko og oppstart på andre ting.

Augneblinka med kvardagsglede kjem stadig vekk, det gjeld berre å ha augo opne.
For eksempel:
- idag snødde det sidelengs (eg er av dei som likar vind, så for meg vart det ei glede)
- middagsrester frå i går, så eg kunne ete raskt etter eg kom frå jobb
- prating med bror
- 2 dagar til helg
- å skrive eit spørsmål på bloggen og lure på om nokon svarar (jepp det er eit hint;):


  kva er dine kvardagsgleder?

4 kommentarer:

  1. En sjokoladeplate som kommer på dager da man trenger det! :)

    SvarSlett
  2. Heldige deg:)
    Dagens glede for idag er definitivt brodder. For ein fantastisk oppfinnelse. Ganske høg "gamal-dame"-faktor, men kven bryr seg vel om det;)

    SvarSlett
  3. Når det endelig slutter å snø etter å ha snødd tett heile dagen
    Når peisen lar seg fyre i uten å krangle
    Stearinlys som lyser opp stova
    Musikk som lyser opp sinnet

    SvarSlett
  4. Ridetur i dypsnøen på jordet! på verdens fineste hest som tilfeldigvis også er din egen, helt på ordentlig :)

    SvarSlett