onsdag, november 7

Nyt synet

Det er verkeleg sesong for å nyte synet av alle som beveger seg ute for tida:

Kategori 1) Dei som går med brodder og derfor får seg nokre velfortjente 60+ poeng

Kategori 2) Dei som ikkje går med brodder og derfor har gangmønster forvekslande likt ei gamal kone. Dette fører sjølvsagd òg til 60+ poeng

Kategori 3) Dei som dropper både brodder og eit forsiktig gangmønster og derfor plutselig befinn seg i kneståande (evt. mageflat)

Eg kan forresten opplyse at eg har vore i både kategori 2 og 3 og derfor sterkt vurderer kategori 1...

- kva er din strategi på godt, gamalt og langdrygt hålkeføre?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar