Igår kom eg tilbake i fantastiske Tromsø (eg hadde nesten gløymt at det var såå fint her:).
På flyplassen vart eg møtt av to fine som smilte og veifta med norske flagg. Takk.
Har allerede fått mange "har du hatt det bra?" spørsmål. Det er veldig kjekt, men samtidig vanskelig å svare på. Det er så mykje eg har opplevd.
Smil. Glede. Gjestfrihet. Frustrasjon. Utfordring. Omsorg. Fellesskap. Latter. Gråt. Utilstrekkelighet. Mestringsfølelse...
Det er merkelig og litt overveldande å skjøne kva alle seier. Eg tenkjer framleis både på arabisk, engelsk og norsk, så eg beklagar viss det kjem uforståelege frasar frå meg framover.
No treng eg ikkje lengre planlegge dusjen etter kva tid det har vore straum.
Ingen ropa etter meg då eg gjekk tur tidlegare idag.
Det var heller ingen som smilte fint eller ville helse på meg.
Imorgon må eg sjekke kva tid bussen går, det er ikkje berre til å strekke ut armen, sjå litt trengjande ut og så kjem det stormande nokon som vil køyre meg dit eg skal.
Det er sanneleg mykje å tenkje over for tida.
 |
Utsikt over leiren frå taket i huset der me budde. Ikkje akkurat same standard på det elektriske anlegget som her.
 |
| Rashedie i kveldsskumringa. Til venstre kan ein sjå ein av fleire mineretar i leiren. Dei høyrde me med jamne mellomrom. Ikkje berre bønerop fem gonger om dagen. Moskèane vart òg nytta til å spreie informasjon til innbyggjarane i leiren. |
|
|
|
 |
| Ei av gatene i leiren. Nokre gater var breie, slik at bilar kunne køyre, andre var ganske trange. Det var små kioskar, folk, scooterar og søppel stort sett overalt. |
 |
| Her ser ein Rashedie på avstand. Biletet er tatt frå stranda som ligg mellom leiren og byen Tur (Suor). Der gjekk eg mange gonger for å få litt tenkjepause. Ei nydeleg strand. |
 |
| Desverre var stranda veldig forsøpla. I bakgrunnen ser du byen Tyr (Suor) som Rashedie ligg rett utafor. |
 |
| Ein klesvask som hang til tørk på eit nabotak. |
 |
| Denne veggen gjekk me forbi kvar dag på veg til klinikken me arbeidde på. |
 |
| Nokre ungar i gata som oppdaga at eg hadde kamera med meg:) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar