Då me var ute å gjekk ein tur i leiren ein dag, spurde Hilde om eg kunne beskrive Rashedie med eit ord. Det er selfølgelig eit spennande, men umogeleg konsept. Difor har eg utvida det til: Beskriv Rashedie i stikkordsform. Nokre av orda har fått forklaring for at det skal gje litt meir meining for deg som ikkje er her og kan sjå det for deg sjølv.
Grått. Trist. Slitent. (Dei fleste husa her er grå, gamle og slitne. Vedlihehald er ikkje ein mykje brukt aktivitet og mange bygg har tydeleg teikn frå krigen). Folksomt (nesten 25.000 folk på 2 kvadratkilometer). Venleg (folk smilar, helsar og ber oss gjerne inn på ein kopp te eller kaffi). Trangt (ssom sagt mykje folk på lite område, det betyr trange gater for å få plass til fleste mogle hus. Leiren har ikkje lov til å ekspandere i størrelse, så alt som skal byggjast på mmå skje i høgda). Kaotisk. Bråkete (sjølv om det er trangt her er gatene fulle av bilar og scooterar, og dei tutar stort sett heile tida. Dessutan er det minst tre moskèar her som ein kan høyre bønerop frå mange gonger i døgnet) . Gjestmildt. Insjallah (Stort sett alle setningar vert avslutta med dette ordet, som altså betyr "Viss gud vil". Eg kjem imorgon, viss gud vil. Eg kan hjelpe deg med det, viss gud vil. Me snakkast, viss gud vil. De gjer det ofte litt vanskeleg å planlegge). Håplaust (dei som bur her er papirlause og er i ein ganske vanskeleg situasjon utan særleg rettar i landet dei bur i). Håpande. Spanande. Annleis. Fjernt. Uforståeleg. (Sjølv om eg er her klarar eg ikkje å setje meg inn i situasjonen til dei som bur her). Trygt (Stort sett alle i leiren veit kor eg bur, så dersom eg ikkje finnvegen tilbake til huset, kjem nokon etter meg for å vise veg). Uoversikteleg (Tverrgater og parallellgater med grå hus overalt. Men ifølge ho me bur hos så går alle vegar til sjukeuset, så då kjem eg meg i alle fall til jobb). Ineffektivt (Mangel på system nr det gjeld veldig mange ting utfordrar mi evne til å vere fleksibel. Men eg prøver verkeleg så hardt eg berre kan). Kreativt (Eit døme er det elektriske annlegget). Muslimsk. Røykfylt (Skremande mange som røyker her). Interessert (Overalt kor eg går er det folk som vil helse, som lurar på or eg kjem frå, kva eg gjer her i leiren, kva eg heiter osb. Dei færraste klarar å uttale namnet mitt, det finaste alternativet til no har vore "almost like angel...?"). Framandt. Tillitsfullt (Ein kan handle noko på butikken, kome tilbake og betale seinare). Aggressivt (I byrjinga synes eg det høyrdes ut som om alle krangla, men fann altså ut at det er berre slik arabisk høyres ut. Frustrerande (Det er vanskeleg å ikkje kunne språket, skjøne systema, forstå kva folk ler av, vite kva ting betyr osb.). Inspirerande (Eg får verkeleg lyst til å kunne gjere ein forskjell, bety noko for nokon). Tankeskapande ( I møte med noko som er så ulikt det meste eg har opplevd tidlegare får eg mykje å tenkje på. Opphaldet her har allereie satt mange ting i perspektiv). Takknemlig.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar