Ein grå søndagsmorgon.
Ta på seg allvèrsjakka og støvlar å gå ut likevel.
Gøyme hendene så godt som mogleg inni ullgenseren, men fortsatt fryse.
Tusle i fjøra og kjenne at den sure vinden og det piskande regnet gjer ein kald i andletet.
Det høyres ganske stussleg ut, eg skal innrømme det.
Men det var ein herleg søndag formiddag.
Perfekt til å tenkje, la bekymringar og grublingar blåse vekk med vinden.
Eg likar dagar som er fine sjølv om dei tilsynelatande er grå.
Ingvild! Eg er så glad i deg <3 Savner deg :)
SvarSlett