Nokre gonger kjennes det som om tida flyg frå meg.
Ho går så fort, det skjer så mykje.
Tida er så full at eg ikkje får med meg alt.
Det kan kjennes som om Augneblinken vert plutseleg Istad.
I slike tider kjenner eg ekstra behov for å stoppe opp og leggje merke til No.
...Å stå stille nokre sekund og kjenne sola mot kinnet...
...Late att augo og tenkje på alt eg har å gle meg over...
...Bøye meg ned og lukte på den eine blomen som står igjen...
Eller noko heilt anna som kan minne meg på at det er no eg lever
Ingvild! Du er mitt forbilde nar det gjelder a nyte oyeblikket, det dagligdagse, det spesielle og det nydelige!
SvarSlett