mandag, mars 21

TV





Eg likte bilete.
Men det betyr ikkje at eg skal slå eit slag for TV.
Eg skal faktisk gjere det motsette.
Her i leiligheta vår har me ikkje TV.
Det slår meg ofte kor deilig det er å sleppe å ha eit apparat som gjev krav på heile rommet.
Eg slepp å setje meg ned å sjå dårlege TV-program fordi eg ikkje har noko betre å finne på.
Alle reklamane som flyg over skjermen og fortel meg kva eg "..berre må ha..." går meg hus forbi.
Intrigane på Paradise lever eg lukkeleg uvitande om.

Eg hadde rett og slett ikkje hatt tid til å fylgje med på TV.

Når dei ein sjeldan gong innimellom viser kvalitetsprogram, kan eg berre sjå det på nettet.
Eller så kan eg la det vere, for verda går verkeleg vidare sjølv om ein går glipp av noko på TV.

1 kommentar:

  1. TV'n kom nok med syndefallet, sånn omtrent samtidig som da Paradis ble Paradise Hotel.. Mener du forresten at J**dmø*r**e er et kvalitetsprogram?

    SvarSlett