Då eg var lita fekk me gå til butikken på laurdagane å kjøpe snop.
Det kjendes nesten som ein ekspedisjon.
Me måtte passe oss for fergebilane og kome heim igjen når me var ferdig å handle. Me svara at "ja, det skal me" og så gjekk me den ganske så lange vegen, i alle fall synes me det då. Men det gjorde ingen verdens ting, me traska freidig dei to kilometrane, for me kom jo til å ha med oss så mykje godt heim igjen. Rosa, store og sure kjempedrops. Eller Bug-tyggis med bringebærsmak. Blåbærslikkepinne som brusa i munnen. Svarte og oransje krokodillar, dei svarte var best. Eller noko av alt det andre som Terjen hadde på butikken sin, nede på kaien. Hugsar du det?
Og viss eg hadde vore riktig flink, så hadde eg litt snop igjen til barne-TV på kvelden. Broren min klarar alltid å spare alt, men det gjorde ikkje eg. Eg hugsar eg synes det var like urettferdig kvar gong...
Aldri var vegen til butikken så kjekk som på laurdag føremiddag då me fekk gå heilt åleine, med kronestykka i lomma og draumar om søtsmak i munnen...
Eg hugsa eg ofte gjekk innom butikken til "Terjen" tirsdagene etter skulen for å kjøpe Donald! Og hvis eg ikkje hadde penger så var det ikkje noko problem! "bare set det på boka!" Saknar å setta ting på "bok".
SvarSlettKva ein gleder seg over i livet forandrer kanskje seg, men følelsen, trur eg er den same.
Mengden glede me har i livet, forandrer seg kanskje òg.
Kjære Ingvild!
SvarSlettSlike gode minner sitter nok alltid klistet vettu. 20 kr til godteri på lørdag var en standard i mange år. En liten ting, de ORANGE krokodillene er best!!!
Håper du har det bra i Tromsø :)
Klem
Ja, "boko" til Terjen var fine greier:) Kanskje like greit det ikkje er ei slik ordning på lokalbutikken her i Tromsø, det kunne blitt litt for freistande:)
SvarSlettDet er nok sant at det ein gler seg over i livet endrar seg. Trur eg var mindre kravstor då eg var lita. Det skulle liksom ikkje så mykje til: Eit Donald, ein tyggis frå veska til mamma eller å få vere med å spele fotball på "Løkko". Eg prøver så godt eg kan å halde fast på den barnlege gleda over sjølv dei små tinga i livet fortsatt.
Det trur eg gjer livet rikare. Eller berre hjelper oss til å sjå kor rikt livet faktisk er.
Kjekt du kommenterar på blogger, forresten:)
Ja 20 kr til laurdagsgodt var svære greier. Og tenk kor mykje me fekk for det! No rekk 20 kr kanskje til ein sjokolade...
SvarSlettDet er godt me vaks opp på 90-talet folkens...
Tromsø er bra.
Anbefalt for alle, så du må berre kome hit, Daniel:)
Håpar alt er bra med deg, òg...