torsdag, juni 10

ein vakker dag

Draumen må vere å vakne opp til ein herleg sommardag
ta imot Guds nåde og trufaste kjærleik som er ny denne morgonen òg
setje på kaffitraktaren og smøre nokre skjever som ein pakkar ned i sekken
ta med seg ein god ven og ete frukost nede i fjøra

kanskje klatre opp i eit forlatt, lite fyr
berre sitje der
lese i Bibelen og ellers dele tankar og augneblinken

ikkje ha klokke på seg og berre late som om tida ikkje går

ein vakker dag

1 kommentar:

  1. "Tromsø - en vakker dag". Dette burde bli tittelen på Tommm Kristiansen si neste bok!

    Du skriver som om drømmen allerede har gått i oppfyllelse.. ;) Det er rent, Ingvild! Kan man ønske mer?

    Riktig svar: Nei! (creds til alle som har svart det)

    SvarSlett