Idag prøvde eg meg på det mykje omtala konseptet slumring. Ja, eg utsette faktisk mi avskil frå sengja med ti minutt.
Det kan teljast på ei hand, kanskje to, dei gongane eg slumrar i løpet av eit år. Enten så er det eit dårleg konsept, eller så er det berre eg som ikkje har funne gleda i det endå.
Morgonen vart ti minutt travlare, men eg veit ikkje om han vart ti minutt betre...
Det er verkeleg ikkje så kjekt å vakne at eg har behov for å gjere det fleire gongar kvar morgon.
Ja! til å stå rett opp...
"Det er verkeleg ikkje så kjekt å vakne at eg har behov for å gjere det fleire gongar kvar morgon."
SvarSlettEg har aldri tenkt på det sånn. Kansje eg skal slutte å slumre. For eg hater å vakne! Men så hater eg jo å stå opp og. Så kansje det er det eg utset.
ANYWAY.
Eg saknar deg. Håper du har det fint, og at vi sjåast snart! Klemm <3
Det er godt eg kan få nokon til å tenkje på litt andre måtar enn det dei er vande med. Eg har det bra. Høyrer det snøar færlt, der sørpå. Vittig, for her er det ingenting...
SvarSlettSå viss du vil vekk frå ville vintertilstandar, så må du berre kome oppover ein tur. Gla i deg, Ingeborg
I dag slumra eg fire gongar lengre enn deg! 40 minutt etter at alarmen gjekk, stod eg opp, og rakk LÆTT skulen. BARNESKOLE!
SvarSlettHelsing anonym
Du har berre ikkje funne gleda i det endå, Ingvild. Slumring e digg! ;)
SvarSlettHøyre forresten rykte om at du ska t Oslo om to veker..? Gjett ka! Det ska eg og! :D
Nice, Lene:) Då snakkes me jo der...
SvarSlettBlir kjekt å sjå deg igjen. Kanskje du kan lære meg nokre setningar på teiknspråk og så kan eg lære deg nokre musklar på latin...:)
Ingvild