søndag, august 30

Takknemlig

Eg har ei liste over ord eg vil skal kunne beskrive livet mitt.
Eit av desse orda er takknemlig. Tenk om eg verkeleg hadde klart å gle meg over alt Gud gjer meg. Kvar dag.
Tenk for ein rikdom å klare å gle seg storleg over dei små gledene.
Det vil eg.

Takk, Gud, for at du sender folk i min veg som smilar til meg.
Takk, Gud, for at eg kan blåse såpebobler.
Takk, Gud, for vinden som bles meg i håret.
Takk, Gud, for at eg kan sitje på brygga og sjå på bølgjene.
Takk, Gud, for at eg kan trykke på bobleplast.
Takk, Gud, for at eg kan plukke blomar.
Takk, Gud, for sommarfuglane som dansar i vinden.
Takk, Gud, for graset som kitlar meg når eg går barfot.
Takk, Gud, for alt.

2 kommentarer:

  1. Jeg savner deg, Ingvild! <3 Du er så utrolig bra!

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du har funne fram til den ganske så ferske bloggen min:)
    Eg saknar deg, Kjersti...

    SvarSlett